Viser arkivet for stikkord vikarbyrådirektivet

Nei til EU og EØS

Eit overveldande fleirtal er motstandarar av at Noreg skal melde seg inn i EU. Det er bra. Det er ønskeleg at euroen og EU, med alle EU sine institusjonar, vert kasta på historia si skraphaug.

Noreg er heldigvis ikkje medlem av EU. Dessverre har vi ein del skadelege bindingar til EU-systemet, og den aller skadelegaste er EØS-avtalen. EØS-avtalen er ein sjølvpålagd husmannskontrakt, som gjer at særs mange av vedtaka som vert gjort i EU-systemet òg vert norsk lov.

Det eine EU-direktivet meir skadeleg enn det andre vert banka igjennom av eit EU-lojalt fleirtal på Stortinget. Gjennom datalagringsdirektivet har vi fått eit svekka personvern. Gjennom tenestedirektivet og vikarbyrådirektivet har dei som arbeidar for å dumpe løn- og arbeidsvilkår i Noreg fått auka makt. Gjennom matsminkedirektivet har vi fått ein større del av direkte helseskadelege stoffar i maten. Og så bortetter. Fleire skadelege EU-direktiv kjem rett rundt hjørnet.

Det er viktig at den skadelege EØS-avtalen vert sagt opp, jo før jo heller. Det er òg viktig å trekke Noreg heilt ut av EU sitt militærapparat, Schengen og Frontex, i tillegg til å seie opp veterinæravtalen med EU.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Stø fagrørsla - stans vikarbyrådirektivet

Fråsegn frå Raudt sitt landsstyremøte 20.-22. januar 2012:

“Stø fagrøsla – stans vikarbyrådirektivet
18. januar stod 40 lokale LO-avdelingar og fleire fagforbund bak ein politisk streik mot EUs vikarbyrådirektiv. Raudt støtta streiken og støtter vidare kamp mot direktivet.

Midlertidige tilsettingar og innleie truer tryggleiken i arbeidslivet. Som midlertidig tilsett eller ringevikar har ein lite forutsigbar arbeidstid, og frykta for å ikkje få nye oppdrag gjer det vanskeligare å krevje sine rettar. Det er og vanskelig å få lån som midlertidig tilsett. Vikarbyrådirektivet vil føre til færre faste stillingar og meir bruk av ringevikarar og innleie.

På tross av fagbevegelsens kraftige mobilisering, seier Arbeidarpartiet at dei er for å innføre vikarbyrådirektivet i Noreg. Direktivet vil vere eit viktig reiskap i offensiven for å erstatte faste arbeidsplassar med vikarar. Det kjem no stadig fleire alvorlege angrep på faglige og sosiale rettar i eit kriseramma EU. Dette er bakteppet når Arbeidarpartiet no vil gje EU enda meir makt over reguleringa av arbeidslivet i Noreg.

Arbeidarpartiet seier at direktivet sikrar sokalla «likebehandling» mellom fast tilsette og innleidd arbeidskraft. For det første sikrar ikkje vikarbyrådirektivet reell likebehandling, for eksempel i forhold til pensjonsvilkår. For det andre kan fleirtalet på Stortinget når som helst styrke vikarars rettar i Noreg gjennom å sjølv vedta dei endringane dei måtte ynskje, heilt uavhengig av kva som står i eit EU-direktiv. Den dynamiske virkninga av vikarbyrådirektivet vil vere at stadig færre fast tilsette er igjen i bedriftene for å kjempe for gode tariffavtalar. Lønns- og arbeidsvilkåra vil difor verte dårlegare over tid, både for vikarar og fast tilsette.

EU- og EFTA-domstolane vil avgjere om arbeidsmiljølovas og tariffavtalanes begrensningar på bruk av vikarbyrå må fjernast eller ikkje. NHO skriv i sin høyringsuttalelse at dei ikkje meiner at vernet av midlertidige tilsettingar i arbeidsmiljølova kan halde fram dersom direktivet innførast og at dei vil gå til EFTA-domstolen for å få gjennomslag for sitt syn. Det er svært sannsynleg at NHO vil få gjennomslag for sitt syn der. Difor er NHO for vikarbyrådirektivet, dei ynskjer auke i vikarbyråbruk. Ufrivillig deltid og utstrakt bruk av deltid er i dag eit stort problem i Noreg. Dette rammar særleg kvinnedominerte yrkesgrupper. Vikarbyrådirektivet vil gjere kampen for lovbestemt heiltid enda vanskeligare.

Raudt støtter appellen frå ein samla fagbevegelse til Arbeidarpartiets stortingsgruppe om å legge ned veto mot vikarbyrådirektivet. "
……………..

Sjå meir på Raudt si samleside: ‘Kamp for faste ansettelser og et verdig arbeidsliv’:
http://rødt.no/politikk/hovedsaker/kamp-for-faste-ansettelser-og-et-verdig-arbeidsliv/

Anders Hamre Sveen, fagleg ansvarleg i Raudt