Viser arkivet for stikkord spesialisthelsetjenesten

Senterpartiet har svikta lokalsjukehusa

Når det nå er angrep på akuttberedskapen og fødetilbodet i fleire lokalsjukehus, så skjer det uten at nokon av regjeringspartia gjer noko med det. Senterpartiet har svikta lokalsjukehusa.

Rapporten ‘Helsesektorens økonomiske og organisatoriske utfordringer – Samhandling, lokalsykehus og offentlig økonomi’ vart lagt fram 15. mars i 2010. Den var skreve av professorene Bjarne Jensen og Stein Østre ved Høgskolen i Hedmark og rådgjevar i Fagforbundet Unni Hagen, på oppdrag frå Kommunenes Interesseforening for Lokalsykehus (KIL).

I rapporten står mellom anna dette om samhandlingsreforma: «Siden reformen har som mål å redusere økningen i ressursbruken i helsesektoren, må de deler som ikke skal prioriteres opp bli nedprioritert. Det er vanskelig å se at det kan være noe annet enn lokalsykehusene. Derfor kan samhandlingsreformen bli et redskap i arbeidet med å omstrukturere spesialisthelsetjenesten til å få større og mer spesialiserte sykehusenheter og bygge ned og avvikle lokalsykehusene.»

Raudt stør kampen for fullverdig lokalsjukehus rundt omkring i Noreg. Raudt går imot samhandlingsreforma. Den flytter noko av finansieringa av sjukehustenestene over på kommunane. Dette kjem til å bli eit svarteperspel mellom sjukehus og kommunar. Alle innbyggjarar i Noreg må ha ein lik rett til å få behandling på sjukehus. Samhandlingsreforma vil føre til at den postadressa som folk har blir avgjerande for kor bra helsetilbodet er. Dei som bor i fattige kommunar vil få eit dårlegare tilbod enn andre.

Det er riktig å styrke kommunehelsetenestene. Men det er feil å blande dette saman med kva for modell ein nyttar til å finansiere sjukehusa.

Det må bli slutt på at helsetoppbyråkratane får herje fritt med sjukehusa i Noreg. Eit fersk eksempel på denne herjinga er eit vedtak i Helse Finnmark om å kutte lønnsutgifter som utgjør 70 årsverk. Og dette vedtaket er eit trugsmål mot 15 årsverk i ambulansetenestene.

Det er viktig å få stansa samhandlingsreforma. Det er òg viktig å fjerne Loven om helseforetak. Sjukehusa må gå over til å nytte dei same reglane og det same systemet for økonomistyring som kommunane nyttar.

Som ein start på ein demokratisering av sjukehussektoren må fylkestinga ta over kontrollen av den daglege sjukehusdrifta, i samarbeid med dei tilsette og pasientorganisasjonar, med styring frå departementet og Stortinget.

Anders Hamre Sveen, landsstyrerepresentant i Raudt