Viser arkivet for stikkord raudt

Ein særs dårleg tildeling av ein fredspris

Den norske Nobelkomiteen har nok ein gong kome med eit absurd vetak om tildeling av fredspris. EU fortener så klart ikkje å få ein fredspris.

Eg er samd med LO-sekretær Kristian Tangen, som i eit intervju med frifagbevegelse.no kallar denne tildelinga for ein “skandale”.

Kva er det EU får prisen for? Dei stadig oftare tilfella av grov politivald mot demonstrantar i EU-land? Den aukande sosiale uroen som følgjer av kraftige auka i sosial ulikheit og arbeidsløyse? At fleire folkevalde organ vert satt til side til fordel for toppbyråkratar og teknokratar? At EU er ein militær allianse? Alle krigane og okkupasjonane som fleire EU-land har vore med på i nyare tid?

EU-landa står nå, ifølgje aftenposten.no for 32 prosent av all våpeneksport i verda. EU har dessutan bygd opp eit eige militærapparat med eigne institusjonar og eigne avdelingar. EU har vedteke at dette militærapparatet skal kunne bli satt inn kor som helst i verda, med eller utan FN-mandat. EU pålegg medlemslanda til å ruste opp militært. I Lisboa-traktaten står det at “Medlemsstatene forplikter seg til gradvis å forbedre deres militære kapasitet” (artikkel 42.3)

Ei undersøking som Respons Analyse har gjort for Aftenposten syner at berre 1 av 4 nordmenn meiner at det var riktig å gi EU denne prisen. Akkurat som den politiske eliten i EU er Nobelkomiteen i utakt med folk flest.

Tildelinga av fredsprisen til EU er den verste tildelinga sidan den vanvittige tildelinga til presidenten i USA, Barack Obama, og det var den verste tildelinga sidan tildelinga til Henry Kissinger. Alfred Nobel sitt testamente har vorte dratt så mange gangar ned i søla no at det er på høg tid at nokon andre tek over. Den norske Nobelkomiteen er openbart ikkje kompetent. Eg seier at Sverige må få oppgåva med å dele ut denne prisen. Så slipper i alle fall vi å verte gjort til latter på denne måten.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Røyst på Raudt!

Raudt har lister i alle fylkestingsval i år. Absolutt alle i Noreg kan røyste på Raudt i år. I tillegg har Raudt valigliste i mange kommunar. Gjer som Drillo, røyst Raudt!

Raudt er ein motstandar av konkurranseutsetting og privatisering. Raudt er mot samhandlingsreforma og for ei styrking av dei offentlege velferdstenestene. Raudt kjemper i mot regjeringa s rasering av lokalsjukehustilbodet i Noreg. Røyster du Raudt stør du kampen mot den statlege sveltefôringa av kommune-Noreg sine budsjettar. Raudt vil ha meirmakt til innbyggjarar og kommunetilsette rundt omkring i lokalsamfunnene.

I Akershus kan du røyste på Raudt i Asker, Bærum, Eidsvoll, Lørenskog, Nes, Nesodden, Nittedal, Oppegård, Rælingen, Skedsmo, Ski, Ullensaker, Vestby.

I Aust-Agder kan du røyste på Raudt i Risør. Her har Rauddt hatt ordføraren dei fire siste åra.

I Buskerud kan du røyste på Raudt i Drammen, Konsberg, Lier, Nedre eiker, Røyken og Øvre Eiker. I Ringerike må du røyste på Solidaritetslista, som Rauddt er ein del av.

I Finnmark kan du stemme på Raudt i fylkestingsvalet.

I Hedmark kan du i tillegg til fylkestingsvalet røyste på Raudt i Hamar.

I Hordaland har Raudt liste i Askøy, Bergen, Fjell, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Odda, Os, Osterøy, Radøy, Stord, Ullensvang, Vaksdal, Voss.

I Møre og Romsdal kan du røyste på Raudt i Kristiansund, Molde og Ålesund.

I Nordland kan du røyste på Raudt i Alstahaug, Bodø, Fauske, Hadsel, Leirfjord, Narvik, Rana, Sortland, Steigen, Vefsn og Vågan.

I Nord-Trøndelag har Raudt liste i Stjørdal og Verdal.

I Oppland kan du røyste på Raudt i Gjøvik, Lillehammer og Vestre Toten.

I Oslo kan du røyste på Raudt i valet til bydelsutvalet i bydelen din, i tillegg til å røyste på Raudt i bystyrevalet for heile Oslo.

I Rogaland har Raudt liste i Haugesund, Karmøy, Klepp, Sandnes og Stavanger.

I Sogn og Fjordane kan du røyste på Raudt i Høyanger og Naustdal.

I Sør-Trøndelag kan du røyste på Raudt i Skaun og Trondheim.

I Telemark kan du røyste på Raudt i Bamble og Kragerø. Om du bur på Notodden må du røyste på Solidaritetslista, som Raudt er ein del av.

I Troms har Raudt liste i Harstad, Skånland og Tromsø.

I Vest-Agder kan du røyste på Raudt i Kristiansand.

I Vestfold kan du røyste på Raudt i Horten, Larvik, Porsgrunn, Sandefjord, Skien, Tjøme og Tønsberg. Om du bur i Nøtterøy må du røyste på Felleslista.

I Østfold kan du røyste på Raudt i Fredrikstad, Halden, Moss og Sarpsborg.

Dersom du treng argument for å røyste Raudt, sjekk desse lenkene:

Raudt si heimeside: http://roedt.no

Hvisjegfikkbestemme: http://hvisjegfikkbestemme.no/

Valgvideoen til Raudt: http://www.youtube.com/watch?v=FgTm53RrjYk&feature=youtu.be

Godt val!

Anders Hamre Sveen, landsstyrerepresentant i Raudt

Senterpartiet har svikta lokalsjukehusa

Når det nå er angrep på akuttberedskapen og fødetilbodet i fleire lokalsjukehus, så skjer det uten at nokon av regjeringspartia gjer noko med det. Senterpartiet har svikta lokalsjukehusa.

Rapporten ‘Helsesektorens økonomiske og organisatoriske utfordringer – Samhandling, lokalsykehus og offentlig økonomi’ vart lagt fram 15. mars i 2010. Den var skreve av professorene Bjarne Jensen og Stein Østre ved Høgskolen i Hedmark og rådgjevar i Fagforbundet Unni Hagen, på oppdrag frå Kommunenes Interesseforening for Lokalsykehus (KIL).

I rapporten står mellom anna dette om samhandlingsreforma: «Siden reformen har som mål å redusere økningen i ressursbruken i helsesektoren, må de deler som ikke skal prioriteres opp bli nedprioritert. Det er vanskelig å se at det kan være noe annet enn lokalsykehusene. Derfor kan samhandlingsreformen bli et redskap i arbeidet med å omstrukturere spesialisthelsetjenesten til å få større og mer spesialiserte sykehusenheter og bygge ned og avvikle lokalsykehusene.»

Raudt stør kampen for fullverdig lokalsjukehus rundt omkring i Noreg. Raudt går imot samhandlingsreforma. Den flytter noko av finansieringa av sjukehustenestene over på kommunane. Dette kjem til å bli eit svarteperspel mellom sjukehus og kommunar. Alle innbyggjarar i Noreg må ha ein lik rett til å få behandling på sjukehus. Samhandlingsreforma vil føre til at den postadressa som folk har blir avgjerande for kor bra helsetilbodet er. Dei som bor i fattige kommunar vil få eit dårlegare tilbod enn andre.

Det er riktig å styrke kommunehelsetenestene. Men det er feil å blande dette saman med kva for modell ein nyttar til å finansiere sjukehusa.

Det må bli slutt på at helsetoppbyråkratane får herje fritt med sjukehusa i Noreg. Eit fersk eksempel på denne herjinga er eit vedtak i Helse Finnmark om å kutte lønnsutgifter som utgjør 70 årsverk. Og dette vedtaket er eit trugsmål mot 15 årsverk i ambulansetenestene.

Det er viktig å få stansa samhandlingsreforma. Det er òg viktig å fjerne Loven om helseforetak. Sjukehusa må gå over til å nytte dei same reglane og det same systemet for økonomistyring som kommunane nyttar.

Som ein start på ein demokratisering av sjukehussektoren må fylkestinga ta over kontrollen av den daglege sjukehusdrifta, i samarbeid med dei tilsette og pasientorganisasjonar, med styring frå departementet og Stortinget.

Anders Hamre Sveen, landsstyrerepresentant i Raudt

Den urettvise uførereforma

Uførereforma til regjeringa er ein særs urettvis politikk. Senterpartiet stør opp om denne politikken.

På Arbeidstilsynet si nettside står det at rapporteringa av skader som oppstår i arbeidslivet syner at det er farlegast å jobbe i bygge- og anleggsnæringa, i tillegg til primærnæringane.

Risikoen for å verte uføre er med andre ord større for bønder enn den er for gjennomsnittet i Noreg. Dette fordi dei har eit arbeid kor dei kan bli skada. Med tanke på kor mange yrkesskadar det er blant bønder, så er det fleire som no bør angre på at dei har stemt på Senterpartiet.

LO-kongressen i 2009 sa nei til levealdersjustering for uføre og slo òg fast at uføre må få skatte som pensjonistar når dei har fått godkjent uføretrygd. Uførereforma til regjeringa bryt med desse krava.

Ingen burde få ein levealdersjustering av alderspensjonen. Levealdersjustering tyder at alderspensjonen vert justert etter forventa levealder for det årskullet som folk er ein del av. Om det blir ei auke i den gjennomsnittlege forventa levealderen vert det kutta i alderspensjonen. Dette tek ikkje omsyn til at ulike yrkesgrupper har ulik forventa levealder.

Levealdersjusteringa er ekstra ille når den skal omfatte dei uføre. Ingen gruppe har dårlegare moglegheiter til å motverke de negative konsekvensane av levealdersjusteringa ved å jobbe lenger enn nettopp uføre. Dei er jo uføre.

Raudt går imot både pensjonsreforma og uførereforma. Desse reformene har ein særs usosial fordelingsprofil. Vi seier nei til levealdersjustering av alderspensjonen for uføre. Raudt er for at uføre skal ha full opptening til dei er 67 år. Det behovsprøvde barnetillegget må kome på plass som ein varig ordning, òg for dei mellombels uføre. Raudt er imot å senke fribeløpet på 1G i året,som uføre har hatt. Raudt går inn for at det skal vere pensjonistskatt på uføretrygd.

Anders Hamre Sveen, landsstyrerepresentant i Raudt

Landbruket må styrkast

1. nestleiar i Akershus Unge Høgre, Trine-Lise Østlund Blime skreiv i eit lesarbrev i Romerikes Blad, 6. mai at det er eit mål at «jordbruket på sikt skal kunne bli helt uavhengig av offentlige subsidier». Politikken hennar er ein politikk for ei total rasering av landbruket i Noreg. Det som det norske landbruket treng er ein annan politikk enn den som Trine-Lise Østlund Blime føreslår.

Det norske landbruket må styrkast, blant anna gjennom auka produksjonsstøtte. Raudt er for eit sterkt landbruk som driv innanfor økologisk forsvarlige rammer. Innanfor økologisk forsvarlige rammer bør dyrka areal og talet på bruk aukast.

Bondesamvirkelagene og bondeorganisasjonane må ha ei sentral rolle i utforminga av norsk landbrukspolitikk.

Sidan 1989 har dei samla inntektane i landbruket, som går til sokalla «vederlag for arbeid og eigenkapital» vorte redusert med 5,45 milliardar kroner, justert til pengeverdien i dag. Dette er ein nedgang på 34 prosent.

Vi må stoppe nedskjeringane i overføringane i landbruket for å auke rekrutteringa til bondeyrket. Ei auke av bøndene sine inntekter må ikkje komme gjennom dyrare mat, fordi dette rammar dei som har dårleg råd. Auka må komme gjennom meir i offentleg stønad til produksjon.

Føremålet med konsesjonslova og andre lover som regulerar jordeigedom, er å sikre at ressursane skal vere tilgjengeleg for dei som bur på staden og nyttar ressursane. Eit allsidig jordbruk er nøkkelen til lokal bruk av ressursane. Raudt er imot at lokal eigedomsrett og bruksrett tapar terreng for fritids- og ferieføremål. Raudt er for å styrke lovverket som regulerar jord- og skogeiedom.

Noreg må dessutan melde seg ut av WTO og seie opp veterinæravtalen med EU, for å få større politisk armslag i landbrukspolitikken.

Raudt er opptekne av heile Noreg

Primærnæringar og industri, basert i hovudsak på lokale naturressurar, har vore grunnlaget for ein desentralisert busetnad i Noreg. Raudt vil ha eit sterkt lokaldemokrati og sterke lokalsamfunn. Dette er den beste garantien mot miljøskadeleg verksemd og skadeleg sentralisering.

Raudt meiner at lokale ressurar i hovudsak skal danne grunnlag for arbeid og produksjon i den delen av landet der ressursane finst. Rødt arbeider for at energilova vert oppheva og at all energiproduksjon og -distribusjon vert underlagd samfunnsmessig styring. Ressursane i utmark må forvaltast i eit samarbeid mellom staten og lokalsamfunnet som utnyttar dei. Markedstekinga er eit stort hinder for eit reelt lokaldemokrati. Raudt arbeider for avvikling av alle kommunale føretak (KF) og aksjeselskap.

Raudt meiner at statleg fullfinansiering av oppgåver som vert lagt til kommunanee trengst for å få eit levande lokaldemokrati. Staten må fullt ut dekkje kostnadene for lovpålagte oppgvåer som er gitt til kommunane. Raudt arbeider for at staten skal slette gjelda kommunane og fylkeskommunane har pådrege seg gjennom fleire år med sveltefôring og stadig fleire tildelte oppgåver frå staten. Raudt vil gjeninnføre statleg øremerka midler til skulen, men vil og ha større grad av frie inntekter som kan gi rom for lokale prioriteringar.

Oppgåver og ansvar bør desentraliserast, slik at dei vert løyste nærast mogleg brukarane av velferdstenestene. Oppgåver som krev stor grad av samordning mellom fleire kommunar, bør løysast gjennom interkommunalt samarbeid utan at dette må gå på kostnad av folkevald styring. Statlege oppgåver som i dag ligg hos fylkesmannen, bør ein vurdere å overflytta til fylkeskommunen eller til kommunen, med unntak av oppgåver som handlar om tilsyn og kontroll. Raudt vil dessuten forhindre tvangssamanslåing av kommunar og fylke og oppretthalde talet på folkevalde representantar i kommunestyre og fylkesting.

Raudt er for eit sterkt landbruk som driv innanfor økolgoisk forsvarlege rammar. Raudt vil stoppe nedskjæringane i overføringane til landbruket, og meiner at landbruksoverføringane over landbruksavtalen må vere for arbeidet bonden gjer, og ikkje gå til profitt for bedrifter som gjødselgiganten Yara. Støtteordningane bør fremme kombinasjonsdrift. Økologisk jordbruk, skogbruk og reindrift må bli oppmuntra gjennom særskilde støtteordningar. Kjøttproduksjonen må i større grad bygge på lokale ressursar, og mindre kraftfôr. Raudt arbeider for å hindre sentralisering av meieri og slakteri.

Gjennom veterinæravtalen har EU-tilhengarane sikra at norsk landbruk heilt unødvendig vert utsett for sjukdommar som eit grensevern vil førebyggje. Raudt vil stoppe nedbygginga av importvernet på matvarer. Me seier nei til WTO- og EU-tilpassing. Noreg må seie opp veterinæravtalen med EU og gjeninnføre grensevernet for mat og levande dyr.