Viser arkivet for stikkord postdirektiv

Stans raseringa av posttenestene

Eigarmeldinga om Posten er eit kraftig angrep på posttenestene i Noreg. Den opnar for enda fleire nedleggingar av postkontor i Noreg. Om framlegget om å legge ned 149 postkontor går igjennom vil 1000 jobbar forsvinne.

Det er tragikomisk at Senterpartiet på si nettside no skriv at stortingsmeldinga om Posten Norge AS og framlegget til endring av lov om Posten si bankplikt «Sikrer godt og likeverdig posttilbud i hele landet». Post i Butikk (PiB) er privatisering, og er dessutan ein mykje dårlegare teneste enn eit postkontor.

Regjeringa må rydde opp i Posten, og stanse dette angrepet på posttenestene, som verken er til det gode for dei tilsette i Posten eller resten av innbyggjarane i Noreg.

Regjeringa må dessutan stanse somlinga når det gjeld prosessen med å nytte reservasjonsretten mot EU sitt 3. postdirektiv. Vedtaket om å reservere seg kan ikkje bety noko anna enn at Noreg skjermar eigne posttenester for konkurranse utanfrå, samtidig som ingen norske selskap, verken offentlege eller private, kan ta del i postmarknadene i andre land. Det finst derfor ingen gode grunnar for somlinga til regjeringa.

Vidare må det bli slutt på bruken av vikarbyrå og andre former for innleie av arbeidskraft i Posten. Posten må dessutan slutte med angrepa på faglege rettar gjennom tariffhopping. Det kan ikkje aksepterast at omorganiseringar i Posten gjev dårlegare faglege og sosiale rettar for dei tilsette. Leiinga i Posten har ikkje noko med kva for forbund dei tilsette i Bring vel å organisere seg i. Alle ledd i Posten Norge må så klart trekke fagforeiningskontingent for alle dei tilsette som er fagorganiserte, uavhengig av kva for slags fagforbund dei vel å vere medlem av.

Anders Hamre Sveen, vara til landsstyret i Raudt