Viser arkivet for stikkord landbruksoppgjer

Stø kravet til bøndene

Eg meiner at Noreg har ein moralsk plikt til å produsere ein større del av maten vi eter sjølve. Som samfunn treng vi dessuten større mattryggleik. Det er fullt forståeleg at både Bondelaget og Småbrukarlaget har brote forhandlingane med staten i landbruksoppgjeret. Eg stør bøndene sine protester 100 prosent.

På Nationen.no er det fleire bilete frå protestene til bøndene.

Det er ein del folk, særleg på høgresida, som no kjem med misvisande informasjon om kva ein bonde tener, til dømes på baksida av Finansavisen 15. mai 2012. Det einaste som er relevant når det er landbruksoppgjeret som er tema, det er kor mykje bøndene tener på å vere bønder. Mange bønder har også anna arbeid i tillegg til å vere bonde, men inntekta dei får frå dette arbeidet kan jo ikkje nyttast som argument i landbruksoppgjeret. Det må jo vere eit mål å ha flest mogleg heiltidsbønder.

Alle burde skaffe seg og lese den strålande boka ‘En nasjon av kjøtthuer – Ni myter og en løgn om norsk landbrukspolitikk’ (Forlaget Manifest) skreve av Espen Løkeland-Stai & Svenn Arne Lie. Eit viktig utdrag frå boka: “Norske bønder blir stadig mer avhengig av inntekter fra andre jobber. (…) I 2009 hadde norske bønder, ifølge SSBs statistikk, i gjennomsnitt 136 000 kroner i næringsinntekt per bruk. Dette var 11 000 mindre enn året før.”

Dei reelle inntektene til bøndene har stått bom stille siden 1978. Difor er det ikkje rart når Romerikes Blad på forsida si kan fortelje at “217 romeriksbønder har gitt seg siden 2005″. Eg ser ingen grunn til at ikkje bønder skal kunne tene ein gjennomsnittleg industriarbeidarlønn på å vere bonde. Eg stør Bondelaget og Småbrukarlaget

Det har vorte temmeleg tydeleg at regjeringa ikkje står opp for bøndene sine interesser. Difor er det særs forståeleg at bøndene varslar storaksjon 21. mai.

Bondeorganisasjonane har levert eit krav til staten om et landbruksoppgjer med ei ramme på 2,2 milliardar kronar. Staten må innfri dette kravet. Det er naudsamt med ei auke i tilskota som får fordi dei produserer mat som er stort nok til at bøndene kan vere heiltidsbønder og ha ei like høg lønn som ei gjennomsnittleg industriarbeidarlønn.

Anders Hamre Sveen, vara til landsstyret i Raudt

Bondelagsleiar eller mafiaboss?

Då bondelagsleiar Per Hilleren denne veka gjorde det klart at Bondelaget ikkje brukar hotell som serverer Q-mjølk, gjekk leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, ut på twitter og ga uttrykk for at no er det reine mafiatilstandar her i fylket. I Unge Venstre-leiaren sitt hovud er altså Per Hilleren mafiaboss og Bondelaget mafiaorganisasjonen som styrer fjordafylket? Mafia assossierar vi alle med korrupsjon og truslar om drap og valdsbruk. Passelege skuldingar mot ein næringsorganisasjon som ynskjer å bruke eit hotell som satsar på kortreist mat! Han kan vel ikkje vente å bli teke på alvor som politikar etter slike utspel? tenkte eg. Men før eg hadde tenkt tanken ferdig hadde stortingspolitikar Laila Gustavsen (Ap) hengt seg på mafia-ordbruken.

Eg sende ei melding tilbake til dei begge: «Bra nokon tek ansvar for klimaet og forlangar lokalprodusert mat medan politikarane sit tiltakslause på gjerdet og sutrar!» Rotevatn svarar at langreist mat er heilt uproblematisk med tanke på klima og miljø, noko han ikkje fulgte opp då fleire melde seg på diskusjonen og ville ha dokumentasjon. Og Gustavsen forsvarte si kollektive mobbing av bondelagsmedlemmer med at nokre enkeltbønder i Buskerud, truleg bondelagsmedlemmer, har mobba bønder som leverer mjølk til Q-meieriet. Venstre miljøparti? Ap mot mobbing? Snakk om tillitsvekkande politikarar! Les heile saka no!