Viser arkivet for stikkord landbruksoppgjøret

Regjeringa sviktar landbruket

Raudt meiner at regjeringa svikter landbruket med ein for låg økonomisk ramme i landbruksoppgjeret i år. Det var heilt riktig av Norsk Bonde- og Småbrukarlag å protestere mot landbruksoppgjeret.
Den negative utviklinga i inntekta som norske bønder har frå matproduksjon må snus. Det er irrelevant kva bønder tener på andre yrker ved sidan av det å vere bonde. Noreg treng fleire heiltidsbønder. Vi må verte meir sjølvberga ved å produsere meir av den maten som vi et i Noreg sjølve. Inntekta til bøndene må aukast gjennom å auke produksjonsstøtta.
Raudt meiner at landbruksoppgjeret i år burde ha hatt ei ramme på 2,5 milliardar kronar, som ein start på ei styrking av landbruket i Noreg.

Anders Hamre Sveen, landsstyrerepresentant i Raudt