Viser arkivet for stikkord kommuneøkonomi

Rik stat og fattige kommunar

Mens staten håvar inn pengar, så slit kommunane med økonomien og hamnar kanskje på robek-lista. Kvifor har det blitt slik? Det er nok den norske økonomiske politikken sidan Yappe-tida på 1980-talet som er grunnen. Det viktigaste for majoriteten av politikarar har vore å syte for at folk flest får meir i lommeboka. For å få til det, så måtte offentleg sektor jakte på innsparing. Korleis klare å spare inn nokre tusen her og nokre tusen der. Helse, eldreomsorg og skule er dei kommunale sektorane som måtte kome med kreative innsparingstiltak. Staten ville vere progressiv og ikkje bruke for mykje av “skattebetalernes penger” på fellesoppgaver, men heller gi folk flest ein større del av kaka inn i eigen lommebok, på bekostning av fellesoppgaver som helse, omsorg og skule. Fleire politikarar har sagt at det dei har vore mest stolt av å få til i sitt virke, er skattelettelser. Altså har det vorte meir viktig å klare å få folk til å få ha sine opptjente pengar i fred, enn å få tak i pengar til sjukehus, eldreomsorg, samferdsel eller skule. Så når kommunar hamnar på robek-lista så er det ein bevisst politikk frå våre “ærverdige” politikarar på nasjonalt plan. Stadig gnål om skattelette vil på sikt utarme det norske gratis-systemet innan skule- og helsestell. I samferdsels-sektoren er gratis-systemet allereie forlatt. Kanskje vi får eit slags “bompenge-system” innan skule og helse snart?

Nei til færre kommuner

Flere Akershus-politikere tar nå til ordet for kommunesammenslåinger. Tone Trøen (Eidsvoll Høyre) sier at kommunene på Romerike «har mye å tjene på sammenslåing», og sier videre at «sparte penger kan vi bruke på bedre velferdstjenester.» Ullensakers ordfører Harald Espelund (FrP) sier at «Kommunene har det for godt», men må konstatere at debatten om sammenslåing av kommunene foreløpig er død. Espelund synes at dette er synd.

Jeg vil påpeke at det ikke er størrelsen på kommunene i Akershus som er problemet, men størrelsen på kommuneøkonomien i Norge. Man løser ingenting ved å slå sammen kommuner. Tvert imot så vil man med en slik politikk forverre vilkårene for lokaldemokratiet.

I dag er det slik at det i de kommunene hvor det foreslås sammenslåing blir holdt lokale folkeavstemninger om spørsmålet. Dersom resultatet av folkeavstemningene gir «nei» i en av kommunene, så respekteres dette. Slik må det også være i framtida. Stortinget skal ikke kunne tvinge kommuner til sammenslåing.

Virkeligheten er den motsatte av den som Harald Espelund beskriver. Kommunene har det ikke «for godt». Stortingspolitikerne og skiftende regjeringer har i mange år sultefora kommunene. Det sittende stortingsflertallet fortsetter med sulteforinga.

Rødt Akershus oppfordrer alle Akershus’ innbyggere til å stemme nei til sammenslåing til større kommuner i eventuelle framtidige sammenslåingsfolkeavstemninger i vårt fylke. Rødt Akershus er imot en reduksjon i antall kommuner i Akershus.

Raudt er opptekne av heile Noreg

Primærnæringar og industri, basert i hovudsak på lokale naturressurar, har vore grunnlaget for ein desentralisert busetnad i Noreg. Raudt vil ha eit sterkt lokaldemokrati og sterke lokalsamfunn. Dette er den beste garantien mot miljøskadeleg verksemd og skadeleg sentralisering.

Raudt meiner at lokale ressurar i hovudsak skal danne grunnlag for arbeid og produksjon i den delen av landet der ressursane finst. Rødt arbeider for at energilova vert oppheva og at all energiproduksjon og -distribusjon vert underlagd samfunnsmessig styring. Ressursane i utmark må forvaltast i eit samarbeid mellom staten og lokalsamfunnet som utnyttar dei. Markedstekinga er eit stort hinder for eit reelt lokaldemokrati. Raudt arbeider for avvikling av alle kommunale føretak (KF) og aksjeselskap.

Raudt meiner at statleg fullfinansiering av oppgåver som vert lagt til kommunanee trengst for å få eit levande lokaldemokrati. Staten må fullt ut dekkje kostnadene for lovpålagte oppgvåer som er gitt til kommunane. Raudt arbeider for at staten skal slette gjelda kommunane og fylkeskommunane har pådrege seg gjennom fleire år med sveltefôring og stadig fleire tildelte oppgåver frå staten. Raudt vil gjeninnføre statleg øremerka midler til skulen, men vil og ha større grad av frie inntekter som kan gi rom for lokale prioriteringar.

Oppgåver og ansvar bør desentraliserast, slik at dei vert løyste nærast mogleg brukarane av velferdstenestene. Oppgåver som krev stor grad av samordning mellom fleire kommunar, bør løysast gjennom interkommunalt samarbeid utan at dette må gå på kostnad av folkevald styring. Statlege oppgåver som i dag ligg hos fylkesmannen, bør ein vurdere å overflytta til fylkeskommunen eller til kommunen, med unntak av oppgåver som handlar om tilsyn og kontroll. Raudt vil dessuten forhindre tvangssamanslåing av kommunar og fylke og oppretthalde talet på folkevalde representantar i kommunestyre og fylkesting.

Raudt er for eit sterkt landbruk som driv innanfor økolgoisk forsvarlege rammar. Raudt vil stoppe nedskjæringane i overføringane til landbruket, og meiner at landbruksoverføringane over landbruksavtalen må vere for arbeidet bonden gjer, og ikkje gå til profitt for bedrifter som gjødselgiganten Yara. Støtteordningane bør fremme kombinasjonsdrift. Økologisk jordbruk, skogbruk og reindrift må bli oppmuntra gjennom særskilde støtteordningar. Kjøttproduksjonen må i større grad bygge på lokale ressursar, og mindre kraftfôr. Raudt arbeider for å hindre sentralisering av meieri og slakteri.

Gjennom veterinæravtalen har EU-tilhengarane sikra at norsk landbruk heilt unødvendig vert utsett for sjukdommar som eit grensevern vil førebyggje. Raudt vil stoppe nedbygginga av importvernet på matvarer. Me seier nei til WTO- og EU-tilpassing. Noreg må seie opp veterinæravtalen med EU og gjeninnføre grensevernet for mat og levande dyr.