Viser arkivet for stikkord føretak

Raudt er opptekne av heile Noreg

Primærnæringar og industri, basert i hovudsak på lokale naturressurar, har vore grunnlaget for ein desentralisert busetnad i Noreg. Raudt vil ha eit sterkt lokaldemokrati og sterke lokalsamfunn. Dette er den beste garantien mot miljøskadeleg verksemd og skadeleg sentralisering.

Raudt meiner at lokale ressurar i hovudsak skal danne grunnlag for arbeid og produksjon i den delen av landet der ressursane finst. Rødt arbeider for at energilova vert oppheva og at all energiproduksjon og -distribusjon vert underlagd samfunnsmessig styring. Ressursane i utmark må forvaltast i eit samarbeid mellom staten og lokalsamfunnet som utnyttar dei. Markedstekinga er eit stort hinder for eit reelt lokaldemokrati. Raudt arbeider for avvikling av alle kommunale føretak (KF) og aksjeselskap.

Raudt meiner at statleg fullfinansiering av oppgåver som vert lagt til kommunanee trengst for å få eit levande lokaldemokrati. Staten må fullt ut dekkje kostnadene for lovpålagte oppgvåer som er gitt til kommunane. Raudt arbeider for at staten skal slette gjelda kommunane og fylkeskommunane har pådrege seg gjennom fleire år med sveltefôring og stadig fleire tildelte oppgåver frå staten. Raudt vil gjeninnføre statleg øremerka midler til skulen, men vil og ha større grad av frie inntekter som kan gi rom for lokale prioriteringar.

Oppgåver og ansvar bør desentraliserast, slik at dei vert løyste nærast mogleg brukarane av velferdstenestene. Oppgåver som krev stor grad av samordning mellom fleire kommunar, bør løysast gjennom interkommunalt samarbeid utan at dette må gå på kostnad av folkevald styring. Statlege oppgåver som i dag ligg hos fylkesmannen, bør ein vurdere å overflytta til fylkeskommunen eller til kommunen, med unntak av oppgåver som handlar om tilsyn og kontroll. Raudt vil dessuten forhindre tvangssamanslåing av kommunar og fylke og oppretthalde talet på folkevalde representantar i kommunestyre og fylkesting.

Raudt er for eit sterkt landbruk som driv innanfor økolgoisk forsvarlege rammar. Raudt vil stoppe nedskjæringane i overføringane til landbruket, og meiner at landbruksoverføringane over landbruksavtalen må vere for arbeidet bonden gjer, og ikkje gå til profitt for bedrifter som gjødselgiganten Yara. Støtteordningane bør fremme kombinasjonsdrift. Økologisk jordbruk, skogbruk og reindrift må bli oppmuntra gjennom særskilde støtteordningar. Kjøttproduksjonen må i større grad bygge på lokale ressursar, og mindre kraftfôr. Raudt arbeider for å hindre sentralisering av meieri og slakteri.

Gjennom veterinæravtalen har EU-tilhengarane sikra at norsk landbruk heilt unødvendig vert utsett for sjukdommar som eit grensevern vil førebyggje. Raudt vil stoppe nedbygginga av importvernet på matvarer. Me seier nei til WTO- og EU-tilpassing. Noreg må seie opp veterinæravtalen med EU og gjeninnføre grensevernet for mat og levande dyr.