Viser arkivet for stikkord usa

Ein særs dårleg tildeling av ein fredspris

Den norske Nobelkomiteen har nok ein gong kome med eit absurd vetak om tildeling av fredspris. EU fortener så klart ikkje å få ein fredspris.

Eg er samd med LO-sekretær Kristian Tangen, som i eit intervju med frifagbevegelse.no kallar denne tildelinga for ein “skandale”.

Kva er det EU får prisen for? Dei stadig oftare tilfella av grov politivald mot demonstrantar i EU-land? Den aukande sosiale uroen som følgjer av kraftige auka i sosial ulikheit og arbeidsløyse? At fleire folkevalde organ vert satt til side til fordel for toppbyråkratar og teknokratar? At EU er ein militær allianse? Alle krigane og okkupasjonane som fleire EU-land har vore med på i nyare tid?

EU-landa står nå, ifølgje aftenposten.no for 32 prosent av all våpeneksport i verda. EU har dessutan bygd opp eit eige militærapparat med eigne institusjonar og eigne avdelingar. EU har vedteke at dette militærapparatet skal kunne bli satt inn kor som helst i verda, med eller utan FN-mandat. EU pålegg medlemslanda til å ruste opp militært. I Lisboa-traktaten står det at “Medlemsstatene forplikter seg til gradvis å forbedre deres militære kapasitet” (artikkel 42.3)

Ei undersøking som Respons Analyse har gjort for Aftenposten syner at berre 1 av 4 nordmenn meiner at det var riktig å gi EU denne prisen. Akkurat som den politiske eliten i EU er Nobelkomiteen i utakt med folk flest.

Tildelinga av fredsprisen til EU er den verste tildelinga sidan den vanvittige tildelinga til presidenten i USA, Barack Obama, og det var den verste tildelinga sidan tildelinga til Henry Kissinger. Alfred Nobel sitt testamente har vorte dratt så mange gangar ned i søla no at det er på høg tid at nokon andre tek over. Den norske Nobelkomiteen er openbart ikkje kompetent. Eg seier at Sverige må få oppgåva med å dele ut denne prisen. Så slipper i alle fall vi å verte gjort til latter på denne måten.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Må USA godkjenne fredsprisvinnaren

Er det ein stilletiande regel i Nobel-komitéen at fredsprisvinnaren må vere “godkjent” av USA. Det finst vel knapt eit eksempel på at ein fredsprisvinnar ikkje er enten beundrar av USA eller har store økonomiske bidrag frå denne “supermakta” til å undergrave styresmaktene i sitt eige land. Årets prisvinnar er ikkje noko unntak i så måte. Liu Xiaobo si støtteforening har hovudkontor i New York, stod det å lese i media rett etter offentleggjeringa av vinnaren. Er det slik at den norske nobelkomitéen ikkje er politisk uavhengig? Ser denne komitéen det som ei hovedoppgave å provosere alle “som ikkje er med oss” og som ikkje har den samme kultur og verdisyn som vestlege land har? Kvifor går prisen aldri til ein person som jobbar for forbrødring mellom land, eller som jobbar for nedrustning i ei overbevæpna verd?