Viser arkivet for stikkord arbeidstilsynet

Den urettvise uførereforma

Uførereforma til regjeringa er ein særs urettvis politikk. Senterpartiet stør opp om denne politikken.

På Arbeidstilsynet si nettside står det at rapporteringa av skader som oppstår i arbeidslivet syner at det er farlegast å jobbe i bygge- og anleggsnæringa, i tillegg til primærnæringane.

Risikoen for å verte uføre er med andre ord større for bønder enn den er for gjennomsnittet i Noreg. Dette fordi dei har eit arbeid kor dei kan bli skada. Med tanke på kor mange yrkesskadar det er blant bønder, så er det fleire som no bør angre på at dei har stemt på Senterpartiet.

LO-kongressen i 2009 sa nei til levealdersjustering for uføre og slo òg fast at uføre må få skatte som pensjonistar når dei har fått godkjent uføretrygd. Uførereforma til regjeringa bryt med desse krava.

Ingen burde få ein levealdersjustering av alderspensjonen. Levealdersjustering tyder at alderspensjonen vert justert etter forventa levealder for det årskullet som folk er ein del av. Om det blir ei auke i den gjennomsnittlege forventa levealderen vert det kutta i alderspensjonen. Dette tek ikkje omsyn til at ulike yrkesgrupper har ulik forventa levealder.

Levealdersjusteringa er ekstra ille når den skal omfatte dei uføre. Ingen gruppe har dårlegare moglegheiter til å motverke de negative konsekvensane av levealdersjusteringa ved å jobbe lenger enn nettopp uføre. Dei er jo uføre.

Raudt går imot både pensjonsreforma og uførereforma. Desse reformene har ein særs usosial fordelingsprofil. Vi seier nei til levealdersjustering av alderspensjonen for uføre. Raudt er for at uføre skal ha full opptening til dei er 67 år. Det behovsprøvde barnetillegget må kome på plass som ein varig ordning, òg for dei mellombels uføre. Raudt er imot å senke fribeløpet på 1G i året,som uføre har hatt. Raudt går inn for at det skal vere pensjonistskatt på uføretrygd.

Anders Hamre Sveen, landsstyrerepresentant i Raudt