Viser arkivet for stikkord bønder

Landbruket må styrkast

1. nestleiar i Akershus Unge Høgre, Trine-Lise Østlund Blime skreiv i eit lesarbrev i Romerikes Blad, 6. mai at det er eit mål at «jordbruket på sikt skal kunne bli helt uavhengig av offentlige subsidier». Politikken hennar er ein politikk for ei total rasering av landbruket i Noreg. Det som det norske landbruket treng er ein annan politikk enn den som Trine-Lise Østlund Blime føreslår.

Det norske landbruket må styrkast, blant anna gjennom auka produksjonsstøtte. Raudt er for eit sterkt landbruk som driv innanfor økologisk forsvarlige rammer. Innanfor økologisk forsvarlige rammer bør dyrka areal og talet på bruk aukast.

Bondesamvirkelagene og bondeorganisasjonane må ha ei sentral rolle i utforminga av norsk landbrukspolitikk.

Sidan 1989 har dei samla inntektane i landbruket, som går til sokalla «vederlag for arbeid og eigenkapital» vorte redusert med 5,45 milliardar kroner, justert til pengeverdien i dag. Dette er ein nedgang på 34 prosent.

Vi må stoppe nedskjeringane i overføringane i landbruket for å auke rekrutteringa til bondeyrket. Ei auke av bøndene sine inntekter må ikkje komme gjennom dyrare mat, fordi dette rammar dei som har dårleg råd. Auka må komme gjennom meir i offentleg stønad til produksjon.

Føremålet med konsesjonslova og andre lover som regulerar jordeigedom, er å sikre at ressursane skal vere tilgjengeleg for dei som bur på staden og nyttar ressursane. Eit allsidig jordbruk er nøkkelen til lokal bruk av ressursane. Raudt er imot at lokal eigedomsrett og bruksrett tapar terreng for fritids- og ferieføremål. Raudt er for å styrke lovverket som regulerar jord- og skogeiedom.

Noreg må dessutan melde seg ut av WTO og seie opp veterinæravtalen med EU, for å få større politisk armslag i landbrukspolitikken.