Viser arkivet for september, 2012

Fjørfereklame fordekt som undervisning

*Fjørfenæringa har innpass i barneskulen med eige undervisningsmateriale.

Norske barneskular får presentert fjørfenæringas reklamemateriale «Pål sine høner» som undervisningsmateriale.*

illustrasjon: Dagsavisen

Fjørfelaget påstod etter nyttår at bur no er forbode i Norge. Det var ein bløff. Det kom ikkje noko burforbod i Norge ved nyttår, men krav om ein ny type bur omtalt som «miljøinnredning». Det same kravet kom forøvrig også i EU. Miljøinnredning er eit nyord lansert i anledning av den nye burtypen, og Fjørfelaget ville dei ha valuta for millionane det hadde kosta å bygge om. Dei gjekk dei til media og sa at bur no er forbode. Nyheita spreidde seg som eld i tørt gras. Bløffen var vellukka.

Den stolte hane er idag mellom aktørane som på sine nettsider serverer oss historia om at dei ikkje lenger sel egg frå burhøns. Men ifølge Rune hos Den stolte hane, kjem tretti prosent av egga den dag i dag frå miljøinnredningar, altså bur. Men fjørfenæringa stoppar ikkje med bløffing av vaksne forbrukarar. I samarbeid med Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer dei norske barneskuleelevar sitt eige fjørfepensum.

Reklame fordekt som undervisning

Undervisningsheftet Pål sine høner, utgitt av Opplysningskontoret for Egg og Kjøtt, har, ifølge kontoret sjølv, vore eit tilbod til 3.trinn i grunnskulen sidan skuleåret 1999/2000, og vert jevnt over nytta av åtti prosent av desse. Dessverre treng ein ikkje leite lenge før ein treff på den første påstanden lausriven frå virkeligheten.

Fleip: «Hver høne/hane (stryk det som ikke passer, red.anm) legger egg i litt over ett år. Så slaktes de og blir til hønsekjøtt som vi kan spise.»

Men Opplysningskontoret gir seg ikkje med dette. I lærarrettrettleiinga skriv dei: «På denne måten får vi ikke bare en effektiv eggproduksjon. Vi sikres også det beste kjøttet, fordi unge høner har kjøtt av høy kvalitet, som er magert og lett fordøyelig.»

Fakta: verpehøner vert ikkje slakta. Dei vert gassa. Og dei vert heller ikkje spist, dei vert brende i forbrenningsanlegg som spesialavfall. «Ved avliving av et større antall dyr benyttes gassing med blåsyre eller CO2.» og: «Døde og avlivede dyr er definert som animalsk høyrisikoavfall i det offentlige regelverket. Høyrisikoavfall skal ifølge dette regelverket behandles i godkjente steriliserings- eller forbrenningsanlegg.» (Kilde: Fagsenteret for fjørfe).

Heftet heitest å vere eit tverrfagleg undervisningsopplegg for 3.trinn basert på Kunnskapsløftet. Det utgir seg altså for å vere fagleg. Eg foreslår difor at Opplysningskontoret tek inn denne setninga i undervisningsheftet: «Eksempel på gassar som kan brukast til avliving av verpehøns er blåsyre (cyanidgass), kullmonoksid (CO) og CO2. Naturfagoppgåve: Diskuter desse gassanes eigenskapar.»

Dette ville ha vore ei open og ærleg tilnærming til tematikken. Men Pål sine høner legg ikkje opp til kritisk refleksjon. Det legg opp til å skape positive assosiasjonar rundt eggproduksjon i tråd med Opplysningskontoret si oppgave: auke norsk eggkonsum. Det er eit reklame presentert som undervisningsmateriale for ungar. Men også retta mot lærarar. Lærarar kan få gratis egg tilsendt i posten, eller om dei evaluerer opplegget, vinne ei gratis helg i Oslo med besøk hos Opplysningskontoret. Opplysningskontoret betaler for vikar og dekker alle utgifter.

Farleg mat i utlandet

Den eine forfattaren er fjørfebonde Hans Christian Kihl som blant anna har styreverv i Bondelaget og fagutvalgsmedlem hos Nortura på CV-en. Den andre, Marlene Furnes Bagley, sit i arbeidsutvalget for Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund, og har arbeidd for Fagsenteret for fjørfe. Den tredje veterinær Liv Kjærnet, tidligare styremedlem i Norsk Fjørfelag og medlem av World’s Poultry Science Association (WPSA).

Bløff på bløff

Forfattarane påstår vidare at vi aldri har hatt problem med Salmonella i norsk eggproduksjon, sjølv om denne bakterien blir påvist i norske fjørfebesetningar så og sei kvart einaste år. Lærarvegleiinga påstår at «Salmonella er eit stort problem i utlandet», utan å definere nærmare kva «utlandet» er.

Sverige er for eksempel, på same vis som Norge, definert som Salmonella-fri sone, men retorikken i heftet legg opp til god, gamaldags branding av Norge som best i verda og mat frå utlandet som farleg. Det er ei avleggs og fordumsfull tilnærming i eit hefte som gir seg ut for og vere seriøst undervisningsmateriale mynta på ungar født inn i ei global cyberspace-verd.

Og reklamematerialet«Pål sine høner» får altså norske barneskular presentert som «undervisningsmateriale». Den må tidleg bløffast som ukritisk forbrukar skal bli

Anne Viken, veterinær http://anneviken.blogspot.no/