Viser arkivet for oktober, 2011

Lavkarbo - egotrip til helvete?

Om alle skal trumfe i seg egg, bacon, rødt og kvitt kjøtt, smør, rømme og ellers alle slags animalske godsaker, så er vel jordas areal alt for knapt til å fø alle dyra som må gå med til dette lavkarbo-kostholdet, om ein også vil produsere grønnsaker, frukt og andre palnteprodukter. Kva om det arealet som no går med til å dyrke poteter, ris, mais, bygg, rug og andre planter heller må nyttast til beiteland for dei dyra som skal bli til lekkerbisken for lavkarbo-fantastane? Da blir det truleg skikkeleg mange menneske i fattige land som får oppleve hungershelvetet i langt sterkare grad enn i dag. Å praktisere eit lavkarbo-kosthold kan neppe seiast å vere særleg solidarisk med folk omkring i verda som opplever knapphet på mat for seg og sin familie.