Oljefondet kan tape mer enn et helt statsbudsjett

Oljefondsjef Yngve Slyngstad åtvarar om at tapa kan bli enorme i framtida .

Denne «oppsiktvekkande» påstanden kom han med i eit foredrag på NHH nyleg.
Men samstundes lova han at «alt går bra til slutt».
Den siste påstanden, vågar eg å betvila. Fasiten på akkurat det, kan berre framtida gi og dei fleste er vel optimistar til det siste?
Men når Slyngstad lovar at alt går bra til slutt, kan ein undra på om oljefondet har investert i ei unik krystallkule?
All forskning, tilseier at menneska ikkje kan spå om framtida. Kanskje er me i stand til å rekna ut sansynlegheita for om utviklinga vil slå i den eine eller andre retninga.
Eit så komplekst eksempel som utviklinga av verdsøkonomien ligg langt utanfor vår makt å forutsjå. I allefal for til dømes for ein periode på 5 år. Det blir i beste fall kvalifiserte gissingar.
Dette betyr at kongeriket Norge, tappar olje i rekordfart, i ei tid der prisen på denne vara historisk sett er låg.
Avkastninga blir investert på den mest usikre marknaden som finst i verda, – Børsen.
Styraren av fondet, lovar alt skal gå bra, basert på gissing.
Sidan me og bygger ned dyrka mark og landbruket vårt, har me verken mat eller peng i framtida, dersom han tek feil.
Smart eller?

Vist 619 ganger. Følges av 3 personer.

Nationen: Debatt

Velkommen til Nationens debattsider. Her møtes Nationens lesere for å dele nyheter og diskutere store eller små saker.

Skriv innlegg

Legg ut bilder