Søte pelskledde rovdyr eller mat?

Mange byfolk synest nok at ulven er søt når dei ser han på TV. Varm pels og uskyldig blikk – du verden for ein flott skapning som vi bør huse her i landet. Og dersom vi ikkje vil ha dette rovdyret i Norge, så kjem det påstand om at vi vil utrydde det. Men den finsk-russiske ulvestammen blir ikkje utrydningstruga om den trekkjer litt lenger aust. Men krisemaksimering gir medieoppslag. Ein britisk journalist/forfattar har funne ut nettopp det. I avisa The Observer gir han Norge det glatte lag fordi mange politikarar her i landet meiner at matproduksjon er litt meir viktig enn å kunne slå seg på brystet med at " sjå på oss, her finst det ulv!" Å ha ulv i landet har blitt ein slags trofé som miljøaktivistar kan henge rundt halsen og kanskje slå seg på brystet med på internasjonale kongressar og i internasjonal samanheng forøvrig. Det er inga skam å ønske ein norsk fårekjøtt-produksjon, slik at vi slepp å kjøpe pinnekjøtt i norske butikkar som er djupfryst frå fjorårets islandske produksjon eller frå New Zealand – for flyfrakt er vel ikkje så miljøvennleg? La norske sauer få gå i fred på fjellet for ulven. Eg synest at det må gå an å ha to tankar i hovudet samtidig – du kan ikkje tenkje berre på ulvens ve og vel, utan å tenkje på norsk matproduksjon også. Alle land kan ikkje ha alle dyr. Vi må berre lite på at panter, løve og ulv har livets rett sjølv om dei ikkje kan eksistere i Norge. Men jerv, gaupe og kanskje bjørn, går vel inn i den norske faunaen utan for store skadeverknader for matproduksjonen.

Vist 51 ganger. Følges av 1 person.

Nationen: Debatt

Velkommen til Nationens debattsider. Her møtes Nationens lesere for å dele nyheter og diskutere store eller små saker.

Skriv innlegg

Legg ut bilder